Nytt

Her vil siste nytt leggast ut fortløpande

Kontingent og betalingsinformasjon med faktura

Kontingent og betalingsinformasjon med faktura

Endeleg - her er info og faktura for innbetaling av kontingent 2018:
Kr. 500 For private medl. samt ideelle lag- og org.
Kr. 1.000 For næringsliv
Kr. 5.000 For kommunar
Konto er 3705 33 73713
VIPPS-kode er # 106372

Vedtekter for parken

Vedtekter for parken

Dette er vedtektene for Sognefjorden Kystpark. Desse vart vedteke på årsmøte 6. juni 2017, og er tilpassa det faktum at parken då vart Noregs 6. regionalpark :)
Nedst i dokumentet finn du dei gode verdiane som Sognefjorden kystpark og dei andre godkjende norske parkane har forplikta seg på.

Partnarskapsavtale del1 og 2

Partnarskapsavtale del1 og 2

Vedlagt følgjer partnarskapsavtalen som gjeld mellom ein medlem og Sognefjorden Kystpark. Avtalen er langsiktig og del 1 er likelydande for alle. Betalande medlemer kan laste ned denne delen, føre på namn og dato og SKP reknar denne som ein omforeint avtale.
Del 2 vert berre nytta dersom ein partnar vil utvikle samarbeidet med Parken vidare; - og då utover det generelle og utover det ein årskontingent kan finansiere.

Forstudie UNESCO Global GEOpark - eit nytt fyrtårn for HAFS?

Forstudie UNESCO Global GEOpark - eit nytt fyrtårn for HAFS?

Les denne flotte rapporten som Franziska Ruettimann i Kvernsteinsparken har utarbeidd på vegne av HAFS regionråd.
Gled deg; - for no blir det studietur på regionrådet og Gaular sør i Europa, og oppstarten av eit forprosjekt som vi vonar skal ende i eit hovudprosjekt, skjer i desse dagar.

Parkplan for parken

Parkplan for parken

Dette er den vedtekne parkplanen for Sognefjorden Kystpark. Parkplanen er eit 10-årig charter. Det vert vist til handlingsplanane for Paken for meir detaljar omkring parken sine planlagde aktivitetar på kort og mellomlang sikt.

4-årig handlingsplan med årsplan 2018

4-årig handlingsplan med årsplan 2018

Dette er den 4-årige handlingsplanen som vart vedteken for Sognefjorden Kystpark.
Planen startar med ei opplisting av føringane som er lagt av stiftarane og styret. Og den vert avslutta med ein Årsplan.

Budsjett 2017 / 2018

Budsjett 2017 / 2018

Dette er vedteke budsjett for driftsåret 2017 og 2018 for Sognefjorden Kystpark. For år 2018 er det svært mange usikre faktorar, men dette vil gje eit utgangspunkt for vidare arbeid og drøftingar.

Parkmøte i Sognefjorden Kystpark er gjennomført

Parkmøte i Sognefjorden Kystpark er gjennomført

Les protokollen og alle vedlegga her inne, som viser den flotte aktiviteten som har skjedd, skjer og vil koma til å skje frametter.

Sognefjorden Kystpark - eit hav av moglegheiter

Sognefjorden Kystpark - eit hav av moglegheiter

Ein rapport etter at ein har sett på moglegheitene med å etablere ein regionalpark i HAFS.